Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Tre skular i Østfold får digitaliseringsministeren som "vikarlærar"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Onsdag 21. august er digitaliseringsminister Nikolai Astrup i Østfold. Han vil besøke tre vidaregåande skular i fylket og vil her gje "vikartimar" om digitalisering.

Media er velkommen til å delta på skulebesøka.

Statsråden vil på besøka ha ein time saman med elevar frå skulen der han innleier om det digitale skiftet og dei mogelegheitene og utfordringane dette gjev oss. Deretter blir det diskusjon og samtale med elevane rundt temaet.

Program onsdag 21. august

Kl. 10.30: Besøker Halden vidaregåande skule
Stad: Halden videregåande skule, Porsnesbakken 12 i Halden

Kl. 12.30: Besøker Glemmen vidaregåande skule
Sted: Glemmen videregåande skule, Traraveien 13 i Fredrikstad

Kl. 14.30: Besøker Greåker vidaregåande skule
Sted: Greåker videregåande skule, Fortunaveien 16 i Greåker

Pressekontakt

Politisk rådgjevar Jenny Clemet von Tetzschner, mobiltlf. 918 80 164

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00