Statsministerens program 22. juli

Statsminister Erna Solberg deltek på fleire arrangement som markerer treårsdagen for angrepa på regjeringskvartalet og Utøya.

Statsminister Erna Solberg deltek på fleire arrangement som markerer treårsdagen for angrepa på regjeringskvartalet og Utøya.

Kl. 10.00: Minnemarkering i regjeringskvartalet

Statsminister Erna Solberg deltek på minnemarkeringa i regjeringskvartalet, på Johan Nygaardsvolds plass (området mellom høgblokka og Akersgata). Statsministeren taler og legg ned krans. I tillegg taler AUF-leiar Eskil Pedersen. Arrangementet er ope for publikum.

Det vil bli sett av eit eige område for presse, der det blir lagt til rette for lydtapping. Arrangementet blir også overført på nett-TV. Nett-medier som ønskjer tilgang til publiseringspunkt kan ta kontakt med Kjersti Horgen-Rihel i DSS, telefon 976 80 397.

Etter arrangementet, om lag kl. 10.20, er statsministeren tilgjengeleg for presse.

Kl. 12.00: Gudsteneste i Oslo domkyrkje
Statsminister Erna Solberg deltek på håpsgudsteneste i Oslo domkyrkje.

Kl. 16.00: Minnemarkering på Utøya

Statsminister Erna Solberg er til stades på minnemarkeringa på Utøya, der ho blant anna legg ned ein krans  på vegner av regjeringa. NRK, TV2 og NTB vil vera til stades på øya.

 

Pressekontaktar for statsministeren:
Statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886
Kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458

Kontaktpersonar i Støttegruppa:
John Hestnes (regjeringskvartalet), telefon 977 49 875
Beate Vatndal (Utøya), telefon 414 50 210

Kontaktperson i AUF:
Håkon Knudsen, telefon 955 51 470

Kontaktperson i Oslo domkyrkje:

Mirian Stålsett Follesø, telefon 994 50 766