Historisk arkiv

Tresatsing blir Arena-klynge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Norwegian Wood Cluster fekk 19. november status som ei av fem nye Arena-klynger i det norske klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters (NIC).

Norwegian Wood Cluster består av bedrifter og forskningsmiljø innan skogbruk, treindustri, boligutbygging og arkitektur. Klynga held til i Innlandet og skal utvikle klimavenlege bygge- og boligløysningar for veksande marknad basert på norske skogressursar. Målet er gjennom avanserte industrielle prosessar og auka innovasjon å utvikle klimasmarte byggeløysingar, redusere miljøavtrykket frå verdikjeda, og åpne for sirkulære løysningar og materialgjenvinning.

– Gratulerer til Norwegian Wood Cluster med status som Arena-klynge. Ein slik status er ei anerkjenning av det viktige arbeide klynga gjer for skog- og trenæringa, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– For ei næring som består av mange små aktørar, vil samarbeidsarena og nettverk være viktig for å komme opp med dei gode løysingane, realisere dei, og heve kompetansen i næringa. Tettare koplingar mellom aktørar i heile verdikjeda frå skog til marknad, mellom næring og kunnskapsmiljø og med andre næringar, vil leggje eit viktig grunnlag for auka FoU- og innovasjonsaktivitet og kompetanseheving, seier Bollestad

I mars 2019 la landbruks- og matminister Olaug Bollestad fram regjeringa si skog- og trestrategi. Skog- og trestartegia skal vise retning for arbeidet med å mobilisere til auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet i skog- og trenæringa. Vidare peikar dokumentet på tiltak som kan bidra til å stimulere etterspurnaden etter grøne, trebaserte produkt.

Strategien syner til behovet for å mobilisere til auka FoU- og innovasjonsaktivitet i skog - og trenæringa med tanke på å utløyse verdiskapingspotensialet og utnytte skogen i klimasamanheng, og peikar mellom anna på gode arena for samarbeid og dialog.