Presseinformasjon

Statssekretær Tronstad vitjar Portugal 1.-3. juni 2016

Statssekretær Elsbeth Tronstad reiser til Lisboa 1.-3. juni for bilaterale samtaler med portugisiske styresmakter.

Tronstad skal mellom anna treffe statssekretær Nelson de Souza, ansvarleg for EØS og EU-midla i departementet for planlegging og infrastruktur, og  Sara Marques, kabinettsjef for statssekretær for Europa-saker.

Statssekretær Tronstad besøkjer det europeiske sjøtryggingsbyrået European Maritime Safety Agency, treffe representantar frå det portugisiske forskingsrådet Portuguese Research Council samt utsendingar frå bedrifter og institusjonar som driv med innovasjon og forsking. Statssekretæren vitjar også forskingsskipet «Mar Portugal», som vert finansiert av EØS-midla.

 

Pressekontakt: Pressevakta, telefon: 23 95 00 02