Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Samferdselsbudsjett 2019

Trygg og miljøvenleg sjøtransport langs kysten

– Regjeringa legg til rette for trygg ferdsel langs kysten, aukar løyvingane til vedlikehald av navigasjonsinnretningar og utbetrar farleiene. Vi held fram satsinga på godsoverføring frå veg til sjø. Vi stimulerer til utvikling av effektive og miljøvennlige hamnar gjennom ei ny treårig prøveordning for tilskot til hamner, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I forslaget til statsbudsjett for 2019 vert løyvinga til kystføremål auka med 2,8 prosent. Til Kystverket vert det foreslått løyvd 2 608,6 millionar kroner.

Navigasjonsinnretningar er viktig for sjøtryggleiken, og regjeringa foreslår difor ei satsing på 40 millionar kroner for å trappe opp arbeidet med å hente inn vedlikehaldsetterslepet. 

Stadig større skip skapar utfordringar når dei skal inn til norske hamner. Det er difor heilt naudsynt å utdjupe farleier for å leggje til rette for innsegling med større fartøy. Det er planlagt oppstart i 2019 for farleiprosjekta Innsegling Ålesund i Møre og Romsdal og Innsegling Vannavalen i Troms. Utbetring av innsegling til Grenland i Telemark og innsegling til Bodø i Nordland vert ført vidare i 2019.

For å stimulere til meir godstransport langs kysten foreslår regjeringa å setje av 77,4 millionar kroner til tilskotsordninga for godsoverføring frå veg til sjø og 10,9 millionar kroner til tilskotsordninga for hamnesamarbeid. Vidare vert det foreslått 50 millionar kroner til ei ny tilskotsordning for investeringar i effektive og miljøvennlige hamner.

Stortinget har vedteke at staten sin eigarskap og forvaltingsansvar for fiskerihamnene skal overførast til dei nye regionane. Regjeringa foreslår 10 millionar kroner til ferdigstilling av prosjektering av fiskerihamnetiltak for å bidra til kontinuitet i planlegginga av nye fiskerihamneprosjekt i ein overgangsperiode. Midla er retta mot fylkeskommunar og kommunar, og gjeld fiskerihamneprosjekt som ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-2029. Kystverket vil fullføra prosjekta Breivikbotn og Gjerdsvika fiskerihamner i 2019.

Regjeringa foreslår å løyve 27,3 millionar kroner til Senter for oljevern og marint miljø. Senter for oljevern og marint miljø skal på vegner av norske styresmakter mellom anna bidra til den internasjonale Our Ocean-konferansen i Oslo i 2019. Vidare skal senteret i samarbeid med Kystverket greie ut etablering av fasilitetar for testing av oljevernteknologi.

Til samfunnet Jan Mayen foreslår regjeringa å løyve 59,7 millionar kroner, inkludert 5,1 millionar kroner til forprosjekt for nytt hovudbygg.

Til toppen