Historisk arkiv

Tungtransport og skipsfart må bli grønare

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Strenge miljøkrav er naudsynte for å nå klimamåla og kan auke grøn konkurransekraft. Europa har mest å vinne ved å konkurrere på kvalitet heller enn pris. Det gjeld ikkje minst i transportsektoren der krav og standardar kan stimulere til innovasjon. Det skriv dei nordiske landa i eit brev der dei oppfordrar EU å framskynde overgangen til lågutsleppstransport.

– Eit ambisiøst regelverk for transportsektoren, og globale reglar for skipsfart, kan gje naudsynte insentiv for nyskaping. Samstundes kan eit slikt regelverk hjelpe oss til å nå våre eigne klimamål, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Utanfor EUs kvotehandelssystem er transport den sektoren som slepp ut mest klimagassar. Difor vil vi ikkje nå våre klimamål utan å redusere CO2-utslepp frå transportsektoren.

Utsleppskrav for køyretøy har fått ned utslepp frå personbilar, og ambisiøse CO2-krav er blant dei mest effektive tiltaka for å fremme overgangen til elektromobilitet i Europa. Dei nordiske ministrane meiner at effektiviteten av nasjonale og regionale tiltak kan tene på at EU lagar felles reglar og felles politikk.

EU skal nå utarbeide utsleppskrav for personbilar og varebilar for tiden etter 2020. Norden oppmodar EU å halde fram med ambisiøse utsleppskrav for disse segmentene, for å framskunde overgangen til nullutsleppsbilar i Europa.

I brevet oppmodar dei nordiske regjeringane EU til også å inkludere tungtransport når unionen skal utarbeide utsleppskrav. EU er allereie i gang med arbeidet for eit målesystem for tungtransport. Dette målesystemet bør vidareutviklast som eit steg mot målet om å få på plass felles utsleppskrav for tungtransport.

Også utslepp frå maritim transport må reduserast, skriv dei nordiske ministrane. Dei oppmodar konkret Europakommisjonen til å støtte den Internasjonale Maritime Organisasjonen (IMO) sitt arbeid med å redusere drivhusgassutslepp frå skipsfart.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen sendte brevet til Europakommisjonen 16. juni på vegne av dei nordiske klima-, miljø- og transportministrane. Ministrane argumenterer med at Europa må sørge for at eigen industri  blir global leiar i marknaden for grøn transport.

Her kan du lese brevet