Historisk arkiv

Fosseråsa i Geiranger er Noreg sin første offisielle turiststi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Stien Fosseråsa i Geiranger er autorisert av Miljødirektoratet som Nasjonal turiststi, og er dermed Noregs første offisielle Nasjonale turiststi.

-Det er ikkje mange stiar som har like mange fantastiske kvalitetar som Fosseråsa i Geiranger. På Fosseråsa kan vi oppleva storslagen utsikt mot bratte fjell, mektige fossefall, brusande elvar og ein av dei finaste fjordane på Vestlandet. På denne stien kan alle som er innom Geiranger i løpet av sommaren oppleva norsk natur på sitt aller beste. Og det er ikkje minst dette som Nasjonale turiststiar skal legga til rette for, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Den store auken av turistar som besøkjer fjellområda våre har gitt oss nokre utfordringar som vi ikkje hadde for berre ganske få år sidan. Mange stigar er utsette for slitasje og forsøpling, og treng ekstra tryggingstiltak.

I 2017 etablerte difor regjeringa ordninga Nasjonale turiststiar. Målet med ordninga er å ta vare på naturverdiar, opplevingskvalitetar og tryggleik på dei turstiane som har ekstraordinært stort besøk, og der det er særleg mange utanlandske turistar.

 

Fosseråsa skal markerast på eit stort arrangement i Geiranger fredag den 28. juni klokka 1300. Då vil statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet opna Fosseråsa som offisiell Nasjonal turiststi.

Etter det blir det felles vandring på stien opp til fjordgarden Vesterås og vidare opp til Storsæterfossen, der den nasjonale turiststien sluttar. Til saman er stien ca. 3,8 kilometer lang.

Ved å legge til rette vanskelege parti, setja opp sikringsbuer, merka og skilta godt, gi god og lett tilgjengeleg informasjon, leia stien utanfor sårbare område og å gjera alle tiltak så lite synlege som mogleg, kan dei Nasjonale turiststiane tola mykje besøk samstundes som tryggleiken, naturverdiar og opplevingskvalitetane blir tatt vare på.

-Å bli autorisert som Nasjonal turiststi er eit kvalitetsstempel. Turistar som kjem til Geiranger vil sjå skiltet som viser at Fosseråsa er ein Nasjonal turiststi. Då veit dei at tryggleiken og omsynet til naturen er tatt vare på, seier Elvestuen.

Både tryggleiken til dei besøkande og omsynet til naturen og landskapet er viktig i vurderinga av kva for stiar som skal få status som Nasjonal turiststi.

For at dei Nasjonale turiststiane skal kunna planlegga langsiktig føre kvar einaste turistsesong, vil regjeringa frå og med neste år setja av eit fast grunntilskot på 300 000 kroner til stiar som blir autorisert. I tillegg vil autoriserte stiar bli prioritert frå den ordinære tilskotsordninga for Nasjonale turiststiar.

 

Regjeringa har vedtatt at det skal autoriserast inntil 15 stiar som offisielle nasjonale turiststiar. Ein sti blir autorisert for fem år av gongen, og må deretter autoriserast på nytt for å ha statusen som Nasjonal turiststi.