Tybring-Gjedde delte ut innovasjonspris i Stavanger

Statssekretær Ingvil Tybring-Gjedde delte i dag ut to innovasjonsprisar under ONS-messa i Stavanger.

Prisen blir delt ut i to kategoriar, ein for store selskap og ein for små og mellomstore verksemder. Island Offshore/Centrica fekk prisen for store verksemder for sitt arbeid med prosjektet  Riser-less coil tubing drilling. TechInvent fekk prisen små og mellomstore verksemder for sin teknologi FluidCom.

Over halvparten av dei nominerte har mottatt støtte frå dei offentlege støtteprogramma PETROMAKS 2, DEMO 2000 eller Climit.

Forsking og utvikling har stått heilt sentralt sidan starten av det norske oljeeventyret. Det kan ikkje vere tvil om at vi også i dei neste tiåra treng nye løysingar for å utvinne ressursane våre smartare, meir effektivt og mest mogleg skånsamt for miljø og klima. Dagens prisvinnarar gir verdifulle bidrag til dette, seier statssekretær Ingvil Tybring-Gjedde (FrP).

 Innovasjonsprisen

Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde (t.h.) på scena under prisutdelinga i Stavanger. (Foto: Morten Berentsen/ONS). 

Innovasjonsprisen blei først delt ut under ONS i 1982. I år var det rekordhøge 130 nominerte kandidatar i dei to kategoriane.

Dei to statssekretærane i Olje- og energidepartementet, Ingvil Smines Tybring-Gjedde og Kjell-Børge Freiberg, fekk også ei omvisning på messeområdet under ONS. Der fekk demonstrert teknologiske nyvinningar til bruk i petroleumssektoren, mellom anna frå verksemda InnSep AS frå Trondheim.

ONS

Frå venstre: Sondre K. Jacobsen (InnSep), Ingvil Smines Tybring-Gjedde, Arvid Hallén (Forskningsrådet), og Kjell-Børge Freiberg. (Foto: EBM/OED).