Historisk arkiv

Tydelegare aktivitetskrav i stønadene til einslege foreldre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Regjeringa sende torsdag 7. mai eit lovforslag til Stortinget om endringar i overgangsstønaden, utdanningsstønaden og stønad til barnetilsyn.

– Vi forenklar og arbeidsrettar stønadene til einsleg mor eller far slik at ordningane blir meir forståelege for brukarane og fleire kan kome raskare i arbeid, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.  

Regjeringa foreslår blant anna å:

  • Redusere perioden stønadane kan takast med til utlandet frå seks månader til seks veker.
  • Innføre sanksjonar, slik at stønadane blir stansa i ein månad dersom aktivitetsplikta blir broten.
  • Innføre krav om at den konkrete utdanninga må godkjennast som nødvendig og formålstenleg for å få den aktuelle brukaren i arbeid.
  • Behandle personar som har vore, eller blir gift eller sambuande, meir likt når det gjeld rett til stønad.
  • Endre aldersvilkåret for barnet. I dag kan ei einsleg mor eller ein einsleg far få overgangsstønad fram til barnet fyller åtte år. Regjeringa foreslår at aldersvilkåret blir endra til ordinær skulestart - det året barnet fyller seks år.
  • Maksimal lengde på overgangsstønaden ligg fast på tre år med mogleg forlenging i inntil tre år ved utdanning.

 – Vi reduserer moglegheita til å ta med trygdeytinga ut i meir enn seks veker. Dette gjer vi for å sikre yrkesretta aktivitet og for å kunne følgje opp stønadsmottakarane på ein betre måte, seier statsråden. 

Les lovforslaget

Endringer i folketrygdloven mv. (stønader til enslig mor eller far og tilleggsstønader til tiltaksdeltakere) Prop. 115 L (2014-2015)