Historisk arkiv

Ny lov om integrering vedteken:

Tydelegare krav og betre opplæring for innvandrarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Altfor mange innvandrarar som kjem til Noreg, særleg de med fluktbakgrunn, blir ståande utanfor arbeidslivet. No skal fleire få formell opplæring tilpassa den kompetansen dei har med seg frå heimlandet.

– Det er ei stor utfordring at for mange vaksne innvandrarar står utan jobb og utdanning. Dette er blitt ekstra tydeleg under koronakrisa. Vi må satse enda meir på utdanning, kvalifisering og kompetanse for at alle skal ha like moglegheiter, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Dagens introduksjonsprogram dekker ikkje gapet mellom den kompetansen flyktningane har med seg og krava dei møter i det norske arbeidslivet. Det er òg for mange som kan mindre norsk enn det arbeidsgivarane forventar. Difor foreslå regjeringa ei ny integreringslov.

Den nye lova vart vedteke av Stortinget denne uka og tek til å gjelde 1. januar 2021.

Tydelegare krav til flyktningane

Den nye lova har tydelegare krav til flyktningane og til kommunane, som har ansvaret for å gje ny flyktningar som nyleg har kome hit norskopplæring, utdanning eller kvalifiseringa dei treng.

– For å gje eit meir tilpassa tilbod til innvandrarane, skal deltakarene kunne vere i introduksjonsprogrammet mellom tre månadar og fire år. Tida vil variere ut frå kva utdanning og kompetanse dei har med seg, seier Melby.

I tillegg til eit betre og meir tilpassa tilbod, vil regjeringa òg skjerpe forventningane til dei som deltek i introduksjonsprogram og norskopplæring.

– Det er viktig at innvandrarar kan norsk så godt at språket ikkje står i vegen når dei søker jobb. Språk er nøkkelen til å bli godt integrert. Difor erstattar vi kravet om eit visst tal timar norskopplæring med eit krav om eit minimumsnivå i norsk, seier kunnskaps- og integreringsministeren.

Om integreringslova

Lova inneheld føresegner om ansvaret til kommunane og fylkeskommunane, om tidleg kvalifisering, introduksjonsprogram og om opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Lova regulerer mellom anna:

  • Differensieringa av programtida for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Programmet kan vare frå tre månadar til fire år ut frå kva utdanning og kompetanse innvandraren har.
  • At personar som underviers i norsk etter introduksjonslova skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • At alle innvandrarar med rett og plikt til introduksjonsprogram får kartlegge kompetansen sin og får karriererettleiing.
  • At ungdom under 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring skal inn i ordinær utdanning, altså som vanleg vidaregåande opplæring, som ein del av deira introduksjonsprogram.
  • At kravet om å gjennomføre et visst tal timer norskopplæring og samfunnskunnskap blir erstatta med eit krav om å nå eit minimumskrav.
  • Fylkeskommunanes ansvar. Dei får mellom anna ansvar for å tilrå kor mange flyktningar som bør busettast i kommunane i fylket. Fylka må lage planar for kvalifisering av innvandrarar og sørge for et tilbod om karriererettleiing.