Historisk arkiv

Tydelegare reglar for personvern i skular og barnehagar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Barn og unge er rekna som ei sårbar gruppe som det offentlege har mykje informasjon om. Deira personopplysningar skal derfor ha eit særskilt vern. No foreslår regjeringa eit klart og tydeleg regelverk for å ta vare på personvernrettane deira.

Forslaga er i all hovudsak vidareføring av praksis og vil ikkje føre til meir behandling av personopplysningar i desse sektorane.

– Rettane til barn, unge og foreldra deira skal vere klart og tydeleg. Difor må regelverket vere tilgjengeleg for dei som jobbar med opplysningar om barn og unge, seier Melby.

Regjeringa foreslår ein generell regel om at dei som driv barnehage eller skular, kommunar og fylkeskommunar kan behandle personopplysningar så langt det er nødvendig for å utføre oppgåver etter desse lovane.

– Vi har lagt vekt på at både barn, unge og foreldra har rett til å vite kva for personopplysningar som kan behandlast, og til kva formål, seier Melby.

Regjeringa foreslår òg å lovfeste at deling av personopplysningar mellom barnehagar og frå barnehage til skule berre kan gjerast så langt foreldra gir løyve til det.

Regjeringa foreslår å opne for meir fjernundervisning

I det same lovforslaget til Stortinget kjem regjeringa òg med framlegg om å opne for meir fjernundervising for elevar i vidaregåande skule og ungdomsskulen viss det er gode grunnar til det og det er pedagogisk forsvarleg.

Til dømes at elevar kan ta fag dei elles ikkje har moglegheit til å velje på skulen sin eller vere eit supplement for elevar som ikkje kan vere på skulen av helsegrunnar.

Opninga for meir bruk av fjernundervisning gjeld berre viss bestemde vilkår er oppfylt. Vanleg undervisning i klasserommet skal framleis vere normalen og berre delar av undervisninga kan gis som fjernundervising.

– Vi har lært mykje av eit år med pandemi. Eg meiner det er viktig at vi no ser korleis vi kan bruke det vi har lært også i tida etterpå. Med dette kan elevane i vidaregåande og ungdomsskulen få større valmoglegheiter utan å vere hindra av til dømes reiseveg, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Som hovudregel skal elevane vere på skulen når dei får fjernundervisning, men læraren kan sitje ein anna stad. Det skal vere eit krav om at fjernundervisning skjer i sanntid eller med kort responstid og at elevar og lærer kan kommunisere effektivt med kvarandre.

– Dette kan vere eit godt supplement til den ordinære undervisninga og det skal kome elevane til gode. Fjernundervisning skal berre brukast viss fordelane er større en ulempene, og det skal ikkje vere ein måte å spare pengar på, seier Melby som legg til at det sjølvsagt skal vere trygt og pedagogisk forsvarleg å ha fjernundervising.

Lovforslaga vart fremma i statsråd i dag og skal no behandlast i Stortinget.