Tysdag 3. februar: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen – til Holmestrand og Skjeggestadbrua på E18

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen reiser i dag til Holmestrand for å bli orientert om hendinga og skadane på Skjeggestadbrua på E18. Han vil også få informasjon om tiltak for omlegging av vegtrafikken som følgje av stenginga av brua.

Etter møtet med Statens vegvesen, vil samferdselsministeren vere med på synfaring i bruområdet. Pressa er velkomne.

Stad: Krysset fv. 314 Holtungveien/E18 (køyr frå Holmestrand sentrum)

Tid: kl. 15.30.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Reynir Jóhannesson, Samferdselsdepartementet, 465 48 595 og  kommunikasjonsrådgjevar Susanne Moen Stephansen, Samferdselsdepartementet, 480 32 792.