Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Tysvær og Karmøy

Sted:

Statsministeren held fram reiserunden sin til dei delane av landet som er hardast ramma av auka arbeidsløyse. Tysvær og Karmøy er kommunane statsministeren besøkjer denne gongen. Situasjonen i næringslivet vil vera eit sentralt tema for besøket, i tillegg til omstilling og nye jobbar.

Kl. 10.50: Statsministeren besøkjer Kårstø prosessanlegg i Tysvær kommune.

Presse må møte i resepsjonen i administrasjonsbygget kl. 10.30. Ta med gyldig ID (sertifikat, bankkort med bilete eller pass). Namn på besøkande må sendast inn dagen før besøket. Send til informasjonsleiar Ove Tungsvik på [email protected].

Kl. 13.15: Statsministeren besøkjer Deep Well på Karmøy, som mellom anna driv med brønnintervensjon. Adresse: Husøyvegen 171, Husøy. Presse må møte seinast kl. 13.00.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Til toppen