Uendra mjølkekvoter for 2018

Landbruks- og matdepartementet har i dag gjennomført kvotedrøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. På bakgrunn av dette har Landbruks- og matdepartementet fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 0,98 og forholdstalet for disponibel kvote for geitemjølk til 0,96 for kvoteåret 2018. Dette er ei vidareføring frå kvoteåret 2017 for både ku- og geitemjølk.

I møtet den 13. november 2017 gjorde Tine som marknadsregulator greie for marknadssituasjonen i inneverande kvoteår og prognosane for innveid mjølkemengde og mjølkebehov i 2018. Jordbrukets organisasjoner la vekt på at produksjonen vert basert på norsk råvare, og at ei vidareføring av dagens forholdstal også for 2018 vil gje marknaden ein tilstrekkeleg tilgang på mjølk. Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag tilrådde at forholdstalet for disponibel kvote skulle vidareførast på 0,98 for kumjølk i 2018.