Historisk arkiv

Uformelt møte for miljøministrar i Vilnius

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

16. og 17. juli er miljøministrar frå EU-land samla i Vilnius for å diskutera aktuelle nøkkeltema på EU sin agenda, under eit uformelt ministermøte. Noreg er representert på embetsnivå.

16. og 17. juli er miljøministrar frå EU-land samla i Vilnius for å diskutera aktuelle nøkkeltema på EU sin agenda, under eit uformelt ministermøte. Noreg er representert på embetsnivå. 

Viktige saker på møtet er sikring av investering i naturkapital og biologisk mangfald under EU si fleirårige budsjettramme 2014-2020, samt oppfylling av forpliktingane knytte til FN-konvensjonen om biologisk mangfald.

Ministrar og representantar frå ulike EU-land fortel om eigne erfaringar med å finansiera vern av biologisk mangfald, og ytrar sine innspel til den fleirårige budsjettramma. Den komande FN-klimakonferansen i Warszawa i november blir òg diskutert, og risikovurdering av skifergass står på dagsorden under ein arbeidslunsj.