Historisk arkiv

Ungdom skal kunna velja kvar dei vil bu

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Aftenposten 05.05.2009.

Unge menneske med ambisjonar og urbane vanar skal kjenne seg heime på bygda.

Leiaren i Norges Bygdeungdomslag, Gunnar Husby, peikar i kronikken ”Bygd må lære av by” på sentrale utfordringar for lokalsamfunn som vil vera attraktive for unge og velutdanna menneske.

Innspela frå Husby er mange av dei same som eg fekk frå Ungdomsrådet i Granvin i Ullensvang for ei tid tilbake. Eg møtte dei i samband med arbeidet med den nye distrikts- og regionalmeldinga Lokal vekstkraft og framtidstru.

- Skal vi busetja oss her etter utdanning, treng vi gode bustader, gode offentlege tenester og eit kulturliv som famnar breitt. Gløym heller ikkje kollektivtransport, rassikring og kommunar som samarbeider, var meldingane.

Ungdommane gjev uttrykk for andre, og meir urbane, ønskje enn dei vi høyrde for nokre år sidan.

Dei vala unge i etableringsfasen tek, avgjer utviklinga i busetjingsmønsteret i landet over tid.

Eg vonar såleis at Husby og andre vil finna meldinga nyttig. Vi vil leggja til rette for reell valfridom. Difor tek vi tek til orde for nye mål for breiband, ei mentorordning for unge gründarar og eit eige program for å gi kommunane høve til å satsa på bulyst og samfunnsutvikling.

Eg er samd med Husby når han peikar på at ein del lokalsamfunn må sjå på eigne haldningar. Anten det er nordmenn eller innvandrarar med ulik bakgrunn, må lokalsamfunnet ynskja dei velkomne. Eg vonar meldinga skal medverka til det.