Ungdom søkjer seg til landbruket

For fjerde år på rad er det aukande interesse for landbruksfag på vidaregåande skular. Dette går fram av dei nasjonale søkjartala for vidaregåande opplæring, som er offentlege i dag.

Frå 2017-2018 er det 6 prosent auke i søkjartalet til programfaget naturbruk. Frå 2016-2018 er det ein auke på 16 prosent.  

− Mi viktigaste oppgåve som landbruks- og matminister er å få unge menneske til å ha tru på landbruket, og at dei ser grunnlag og moglegheitar for å satse på ei framtid som bonde, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Det er dette som avgjer rekruttering og framtid for norsk matproduksjon. Derfor er dette gledelege tal, seier Dale, som tilrår ungdom med interesse for landbruk må velje eit slikt utdanningsløp. 

 Som bonde kjem du nær på naturen og livet, du får ansvar for og høve til å arbeide med det som veks og gror. Du er din eigen bedriftsleiar, og kan legge opp verksemda og arbeidsdagen slik du sjølv meiner er best, seier Jon Georg Dale. 

Auka investeringar i norsk landbruk

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at investeringane i driftsbygningar i jord- og hagebruk auka frå 3,5 til 4,0 milliarder kroner frå 2014 til 2016. Talet på jordbruksverksemder som investerte i driftsbygninga rauka i same perioden frå 5.400 til 7.000.

 Det er store moglegheitar i norsk jordbruk. Det handlar om å utnytte dei.  Vi treng rekruttering. Vi treng folk som vil noko, anten det er i volumproduksjonen, eller det er kopling opp mot lokalmat, reiseliv og kultur, seier Jon Georg Dale.  

Landbruks- og matministeren gler seg spesielt over at det er mange unge bønder som investerer: 

 I jordbruksavtalane ligg det investeringsmidlar som bøndene kan søke på. I 2017 gjekk 27 prosent av desse midlane til bønder under 35 år, medan 78 prosent gjekk til bønder under 50 år, seier Jon Georg Dale. 

Bonde så klart

Landbruks- og matministeren møtte nyleg mange unge bønder som er med i rekrutteringsnettverket Bonde så klart frå Oppdal og Rennebu.

Landbruks- og matministeren møtte nyleg mange unge bønder som er med i rekrutteringsnettverket Bonde så klart frå Oppdal og Rennebu.
Foto: Landbruks- og matdepartementet

 Eg fekk høyre fleire historiar der dei fortalde om seg sjølve og korleis dei la opp gardsdrifta. Sams for alle var framtidstru og vilje til å satse. Dei har stor glede og nytte av å samlast i slike nett verk. Slike møte med folk som har tru på det dei driv med gir meg inspirasjon og krefter til å stå på vidare i mitt arbeid, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.