Presseinvitasjon:

Ungdommens distriktspanel gir råd om framtidas distriktspolitikk

Statsminister Erna Solberg og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland mottek ti råd frå ungdommens distriktspanel måndag 26. april.

Nett-tv Ungdommens distriktspanel gir råd om framtidas distriktspolitikk

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Hendinga finn stad i ein digital pressekonferanse måndag 26. april kl. 10.00 – 10.30. 

Pressekonferansen blir strøymd.

Program

  • Statsminister Erna Solberg ønsker velkomen
  • Ungdommens distriktspanel presenterer ti råd om framtidas distriktspolitikk
  • Statsminister Erna Solberg kommenterer
  • Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland kommenterer.
  • Spørsmål frå media

 

Media som ynskjer å delta kan melde seg på pressekonferansen ved å sende ein e-post til ke@kmd.dep.no

 

Om ungdommens distriktspanel

 

Ungdommens distriktspanel blei oppretta i desember 2019. Dei skal gi råd til regjeringa om kva som bør gjerast for at det skal være godt og attraktivt å bu og arbeide i heile Noreg, også i framtida. Panelet består av ti ungdommar som representerer kvart sitt fylke.

 

Troms og Finnmark: Tobias Eriksen, Båtsfjord

Nordland: Marthe Øijord, Meløy

Trøndelag: Kennet Tømmermo Reitan, Røyrvik

Møre og Romsdal: Nikola Bileska, Averøy

Vestland: Hans Christian Knudsen, Sogndal

Rogaland: Trym Talgø Olsen, Eigersund

Agder: Siri Heimdal Knudsen, Søgne

Vestfold og Telemark: Anne Snarteland, Fyresdal

Viken: Cecilie Skrindo, Ål

Innlandet: Sofie Persdatter Sangnæs, Gran

 

Pressekontakter

For ungdommens distriktspanel: Anne Irene Myhr, seniorrådgivar Distriktssenteret. Tlf: 481 68 279

For kommunal- og moderniseringsdepartementet: Ingvild Sahl, seniorrådgivar i kommunikasjonseiniga. Mobiltlf: 958 70 541

For statsministeren: Ella Ege Bye, seniorrådgivar SMK. Mobiltlf: 932 68 350