Ungdomsfiske også i år

- Sjømatnæringa er ei viktig framtidsnæring for Noreg, og regjeringa vil styrke rekrutteringa til fiskaryrket. Derfor vidarefører vi ordninga med ungdomsfiske også i 2017, og oppfordrar alle ungdommar som er nysgjerrige på fiskaryrket til å ta sommarjobb som fiskar, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Ordninga gjeld alle dei fiskeslag som det elles blir fiska på langs kysten.

I samband med strategien for rekruttering til fiskeri har Stortinget bede regjeringa om å greie ut ordninga med tanke på å utvide den. Dette arbeidet er ikkje heilt ferdigstilt enno, så departementet har valt å vidareføre forskrifta, då fisket etter rognkjeks kan starte allereie 12. mai. Dersom konklusjonen av dette arbeidet blir at ungdomsfiskeordninga skal endrast, vil forskrifta bli retta opp etter behov.

Interesserte ungdommar kan ta kontakt med Fiskeridirektoratet for orientering og registrering.

Meir om ordninga

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 19. juni og til og med 11. august 2017, og femner om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.

For fiske etter rognkjeks er det særlege reglar. Ordninga for rognkjeks gjeld i perioden frå og med 12. mai til og med 20. juni 2017 vest for 26°A (ca. Nordkapp), og i perioden frå og med 12. mai til og med 5. juli 2017 i Finnmark aust for 26°A. Avslutningstidspunkt er lik stoppdatoane i det ordinære rognkjeksfisket. Ordninga gjeld ikkje for manntalsførde fiskarar.

Ungdomsfisket kan drivast med stang, handsnøre, juksemaskin, garn med samla lengd på inntil 210 meter, liner med inntil 300 anglar og inntil 20 teiner eller ruser.

Avgrensinga i bruk av reiskapar gjeld per fartøy. Ved ungdomsfiske i regi av ein kommune – der fleire ungdommar fiskar med same fartøy – kan Fiskeridirektoratets regionkontor gi unntak frå reiskapsavgrensinga per fartøy, men ikkje per person.

 For fiske etter rognkjeks i denne ordninga gjeld det ei avgrensing på 600 kilo utilverka rognkjeksrogn per person og per fartøy. Rognkjeksfisket skjer på grunt vatn langs fjøra, og saman med reiskapsavgrensinga på inntil 210 meter garn er det eit vilkår at fartøyet må vere mindre enn 6 meter. Dette er for å sikre at ordninga kjem målgruppa til gode. I sommarfisket etter andre fiskeslag er det ikkje ei slik avgrensing i storleiken på fartøyet.

Det er lov å nytte merkeregistrerte fiskefartøy i ordninga med ungdomsfiske, men det er ein føresetnad at avgrensinga i reiskapsbruken blir følgd. Derfor kan ikkje merkeregistrerte fartøy nyttast til ordinær drift eller ha reiskap i sjøen i tillegg til dei nemnde avgrensingane i den perioden fartøyet blir nytta i ungdomsfisket. Det vil seie i perioden frå fartøyet første gang blir nytta i ordninga med ungdomsfiske til siste fangst er levert.

 Ungdom under 12 år kan av omsyn til tryggleiken ikkje delta i ordninga.