Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 33

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og  Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.


Måndag 10. august
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen vitjar Møre og Romsdal. Klokka 10.30 skal han til Ormen Lange-anlegget på Nyhamna i Aukra kommune. Etterpå skal han fly i helikopter til Tafjord, der han lander om lag klokka 13.00. På vegen flyr han over Sandøy og Haram der det omsøkte havvindprosjektet Havsul 1 ligg. Klokka 14.00 får olje- og energiministeren ei orientering av Tafjord Kraft med ordførarar og grunneigarar til stades. På ettermiddagen vitjar statsråden Kristiansund der han fyrst møte Vestbase, som driv med forsyning til Norskehavet, og deretter skal han vitje lokale leverandørbedrifter.

Alle arrangementa er opne for pressa. Eigen presseinvitasjon blir sendt ut. Interesserte kan kontakte Olje- og energidepartementet på telefon 415 73 500 eller e-post til info@oed.dep.no.

Tysdag 11. august
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen vitjar Hallingdal. Om lag klokka 11.30 legg han turen til ein pelletsprodusent i Ål kommune og på ettermiddagen skal han opne eit småkraftverk i Flå kommune. Pressekontakt for turen er politisk rådgjevar Jarand Felland, mobiltelefon 97 59 1778.

Fredag 14. august
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen drar på synfaring for å sjå botnfaste havvindmøller utafor kysten av Danmark. Formålet med turen er å samle kunnskap om botnfaste vindinstallasjonar til havs og høyre på erfaringane frå utbyggjarar av offshore vindkraft i Danmark. Turen har kome i stand som eit ledd i klagehandsaminga av Havsul I og II og eit ønske om å sjå havbaserte vindturbinar i full skala.

På morgonen leier statsråden eit kort frukostmøte, før delegasjonen blir tatt med på synfaringar på utbyggingsbasen i Esbjerg og etterpå til Horns Rev I og II.

Olje- og energiministeren tek med seg nokre representantar frå arbeidslivorganisasjonane og miljøbevegelsen.

Presse som øskjer i å dekke turen kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, e-post uc@oed.dep.no eller mobiltelefon 91 51 73 57.