Utdrag frå olje- og energiminister Terje Søviknes sin kalender for veke 2

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 9. januar

Olje- og energiminister Terje Søviknes held innlegg på Solamøtet, som finn stad på Clarion Hotel Air på Sola. Same dag besøker statsråden også Rosenberg WorleyParsons verft frå kl 14.00. For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland på telefon 93268350.

 Onsdag 11. januar

Olje- og energiminister Terje Søviknes held innlegg under Nordlandskonferansen, som finn stad på kulturhuset Stormen i Bodø. For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.