Utdrag frå olje- og energiminister Terje Søviknes sin kalender for veke 21

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 22. mai

Olje- og energiminister Terje Søviknes held innlegg på Statoil Future Energy Forum i Stavanger konserthus. Tidlegare på dagen vitjar Søviknes leverandørfirmaet Cubility i Sandnes.

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.

Tysdag 23. mai

09:00 Olje- og energiminister Terje Søviknes held innlegg under Energiforskningskonferansen i Oslo.

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Kristine Dahl, telefon 971 92 751.

12:00 Olje- og energiminister Terje Søviknes møter Kristian Ruby, leiar i den europeiske bransjeorganisasjonen Eurelectric. Møtet finn stad i Olje- og energidepartementet.

Onsdag 24. mai

Olje- og energiminister Terje Søviknes stiller i den ordinære spørretimen på Stortinget.

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.

Fredag 26. mai

Olje- og energiminister Terje Søviknes er vert for ein amerikansk delegasjon som vitjar Hammerfest og Melkøya.

Pressekontakt: kommunikasjonssjef Ole Berthelsen, telefon 93 02 68 47.