Utdrag frå olje- og energiminister Terje Søviknes sin kalender for veke 42

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 17. oktober

Olje- og energiminister Terje Søviknes opnar Fjernvarmedagene på Scandic Fornebu. For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.

Onsdag 18. oktober

Olje- og energiminister Terje Søviknes reiser til Skottland for å delta ved opninga av Hywind, verdas første flytande havvindpark. Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen, telefon 90 68 38 87.

Torsdag 19. oktober

Olje- og energiminister Terje Søviknes held innlegg under Norges energidager, som blir arrangert av NVE. Stad: Scandic Fornebu. Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen, telefon 90 68 38 87.