Utdrag frå olje- og energiminister Terje Søviknes sin kalender for veke 8

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 21. februar

Olje- og energiminister Terje Søviknes lanserer regjeringa sin havstrategi i Stavanger.  Strategien blir lagt fram parallelt av statsministeren og næringsministeren i Bergen, og av fiskeriministeren i Tromsø, sjå eiga pressemelding.

Tid: kl 12.00.

Stad: Sothammargeilen 2, 4029 Stavanger (Dusavikbasen).

Frå klokka 09.00 same dag er statsråden på Universitetet i Stavanger for å møte forskarar og studentar.

Stad: Kjølv Egelands hus, inngang Vest.

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Harald Eikenæs Vengen på telefon 90 67 27 17, e-post: hev@oed.dep.no.