Utdrag frå olje- og energiminister Terje Søviknes sin kalender for veke 9

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 27. februar

Olje- og energiminister Terje Søviknes vitjar Svalbard saman med justis- og beredskapsminister Per Willy Amundsen. Statsrådene vil sjå på skredområdet etter skredet den 21. februar og møte personar som vart råka av skredet.

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen, telefon 90 68 38 87.

Tysdag 28. februar

Olje- og energiminister Terje Søviknes vitjar Porsgrunn. Han vil der vitje verksemdene Elkem Solar og Inflow Control AS, før han har eit møte med Gassnova, statsføretaket for karbonfangst- og lagring.

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen, telefon 90 68 38 87.

Onsdag 1. mars

Olje- og energiminister Terje Søviknes deltar på eit toppmøte om forsking og høgare utdanning i Regjeringa sin representasjonsbustad i Parkveien 45. Statsministeren og fleire andre statsrådar deltar.

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.