Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 19

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 4. mai

Olje- og energiminister Tord Lien er i Sogn og Fjordane. På Sandane vil han ha møte med dei regionale kraftselskapa, før han vil få ei omvisning på Skogheim kraftverk i Hyen.

På ettermiddagen deltar statsråden under den offisielle opninga av oljefeltet Knarr i Florø. I Florø vil Lien også få ei omvisning ved Westcon-verftet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Harald Eikenæs Vengen, tlf 906 72 717.

Tysdag 5. mai

Olje- og energiminister Tord Lien møter Portugals president Anibal Cavaco Silva og energiminister Jorge Moreira da Silva i Oslo.

Ved spørsmål, ta kontakt med pressevakta på telefon 415 73 500 eller info@oed.dep.no.

Fredag 8. mai

Olje- og energiminister Tord Lien deltar på markeringa av Frigjeringsdagen og Den nasjonale Veterandagen i Trondheim og Levanger. Programmet i Trondheim tar til kl. 1030, medan programmet i Levanger tar til kl. 17.00.

Ved spørsmål, ta kontakt med pressevakta på telefon 415 73 500 eller info@oed.dep.no