Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 23

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 1. juni og tysdag 2. juni

Olje- og energiminister Tord Lien er vert for EUs klima- og energikommissær Miguel Arias Cañete under hans besøk til Norge.

Måndag 1. juni finn den årlege energidialogen mellom Norge og EU stad i Oslo.

Tysdag 2. juni besøker statsråden og kommissæren plattformen Troll A i Nordsjøen og Sima kraftverk i Hardanger.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland, tlf. 932 68 350.

Torsdag 4. juni

Olje- og energiminister Tord Lien taler under Arctic Securities sitt kraftseminar i Oslo.

Ved spørsmål, ta kontakt med pressevakta på telefon 415 73 500 eller info@oed.dep.no