Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 44

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 1. november

Olje- og energiminister Tord Lien held innlegg under LOs olje- og gasskonferanse i Bodø. Same dag held han også innlegg under Kraftsamlingen, eit arrangement i regi av Sparebank1. For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Harald Eikenæs Vengen på telefon 906 72 717.

Onsdag 2. november

Olje- og energiminister Tord Lien deltar på Petro Challenge 2016 – real- og teknologifag i praksis. Arrangementet finn stad hos NHO i Middelthuns gate 27. For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Jan Magne Bae, 952 73 840.

Same dag held Lien innlegg i Det norske selskab. For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.

Torsdag 3. november

Olje- og energiminister Tord Lien held innlegg på eit seminar i regi av Norsk olje og gass i høve 50-årsjubileet på norsk sokkel. På kvelden deltar han på regjeringa sin middag i same høve. For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland på telefon 932 68 350.

Fredag 4. november

Olje- og energiminister Tord Lien held innlegg på eit seminar om hydrogen på Scandic Lerkendal hotell i Trondheim. For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.