Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 6

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 3. februar

Olje- og energiminister Tord Lien vitjar Marine Aluminium på Karmøy.

Seinare på dagen vitjar olje- og energiminister Tord Lien og finansminister Siv Jensen Aibel i Haugesund og Kværner Stord.

Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland, tlf 932 68 350.

Onsdag 4. februar

Olje- og energiminister Tord Lien hald innlegg på Norweas finansseminar på Lysebu.

Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen, tlf 906 83 887.

Torsdag 5. til fredag 6. februar

Olje- og energiminister Tord Lien deltek på The Energy Union Conference i Riga.

For informasjon om konferansen, kontakt Olje- og energidepartementets kommunikasjonseining, tlf 415 73 500 / info@oed.dep.no