Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 7

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 15. februar

Olje- og energiminister Tord Lien deltek som friviljug under ungdoms-OL på Lillehammer.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen, tlf. 906 83 887.

Tysdag 16. februar

Olje- og energiminister Tord Lien deltek på opninga av Edvard Grieg-plattforma i Nordsjøen.

Les meir om Edvard Grieg-prosjektet her.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Jan Magne Bae, tlf 952 73 840.

Onsdag 17. februar

Olje- og energiminister Tord Lien deltek på opninga av Energihuset i Drammen. Bygget er ført opp av Union Eiendomsutvikling, og skal huse mellom anna Energiselskapet Buskerud.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen, tlf 906 83 887.