Historisk arkiv

Utgreiing frå kommunemomsutvalet overlevert finansministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

91/2002

Finansminister Per-Kristian Foss har i dag teke imot utgreiinga om kommunale tenester og moms frå leiar i utvalet, professor Jørn Rattsø. Utvalet tilrår ei reform der kommunane får kompensert for meirverdiavgift på innkjøpa sine. (18.12.2002)

Pressemelding

Nr.: 91/2002
Dato: 18.12.2002
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 91 32 28 11, Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31, mobil 95 21 42 83

Utgreiing frå kommunemomsutvalet overlevert finansministeren

Finansminister Per-Kristian Foss har i dag teke imot utgreiinga om kommunale tenester og moms frå leiar i utvalet, professor Jørn Rattsø. Utvalet tilrår ei reform der kommunane får kompensert for meirverdiavgift på innkjøpa sine. - Ei slik reform vil gje ei enklare og betre ordning både for kommunane og dei private næringsdrivande, seier finansministeren. Han tek sikte på at nye reglar skal vere på plass frå og med 2004.

- Målet med ei ny reform er at det skal både bli enklare og billigare for kommunane å kjøpe tenester frå private, seier finansminister Per-Kristian Foss. – Vi er og opptekne av like konkurransevilkår for private næringsdrivande som vil tilby tenester til det offentlege. Eg ynskjer ei rask innføring av ei ny ordning, og lovarbeidet vil bli sett i verk straks, seier Foss.

I dag er det ofte billigare for kommunane å produsere tenestene sjølv. Det skuldast at offentleg verksemd som regel er utanfor momssystemet. Kommunane får difor ikkje frådrag for inngåande moms. Samstundes er private leverandørar pålagde å kalkulere inn moms. Dermed blir dei private tenestene ofte dyrare enn om kommunane produserer tenestene sjølve. Både Sverige, Danmark og Finland har generelle ordningar som kompenserer for denne konkurransevridinga.

Utvalet som vart sett ned i januar i år har vore eit breitt samansett, fagleg utval. Utvalet leverte ei delutgreiing allereie i mars i år der utvalet skisserte tre moglege løysingar for å gjere reglane meir nøytrale for kommunane sine val.

Sjå eiga pressemelding frå kommunemomsutvalet her.

Sjå lysark frå pressekonferansen her