Utlysing: Asyl- og migrasjonssamarbeid med Hellas

EØS-midla

Noreg og Hellas ønskjer å styrke samarbeidet om asyl- og migrasjonsspørsmål. Norske frivillige organisasjonar og norsk lokal forvaltning som jobbar med dette tema, kan no søke om støtte til samarbeidsprosjekt.

Frå eit gresk mottakssenter nær grensa til Tyrkia. Foto: Christian Grotnes Halvorsen/UD

Noreg og Hellas ønskjer å styrke samarbeidet om asyl- og migrasjonsspørsmål. Norske frivillige organisasjonar og norsk lokal forvaltning som jobbar med dette tema, kan no søke om støtte til samarbeidsprosjekt.

Utlysinga er ein del av eit asylprogram i Hellas som Noreg finansierer gjennom EØS-midla.

Om lag 400 000 kroner er no utlyst til samarbeidsprosjekt mellom norske og greske partnarar knytt til

  • mottak og retur av asylsøkjarar
  • botilbod for utsette grupper
  • frivillig retur

Last ned sjølve utlysingsteksten (sjå lenke lengre ned på sida) for meir detaljert informasjon om kva type aktivitetar som er prioritert.

Utlendingsdirektoratet (UDI) handsamar søknadene og kan svare på ytterlegare spørsmål. Frist for å søke er 12. desember 2013. Aktivitetane må gjennomførast i 2014.

Meir informasjon