Utlysing: Tiltak for å styrke samarbeidet med Tsjekkia

EØS-midlane

EØS-midlane skal styrke kontakten og samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda. Over 1,3 millionar kroner er no tilgjengelege for norske aktørar for samarbeid med Tsjekkia.

Bidra til brubygging mellom Noreg og Tsjekkia. Fotomontasje av Karlsbrua i Praha og Hardangerbrua. Foto: Statens vegvesen og Apollo

Det er mogleg å søke om støtte til aktivitetar som temamessig fell inn under dei prioriterte sektorane for EØS-midlane. Dette inkluderer mellom anna miljø og klima, sårbare grupper som barn/ungdom og romfolk med vidare.

Aktivitetar som kan få støtte, er typisk felles seminar, workshops, konferansar og reiser for å skape samarbeidsrelasjonar.

Døme på initiativ som allereie har fått støtte, er eit norsk-tsjekkisk arrangement om vald mot kvinner som vart arrangert i New York i samband med det årlege møtet i FNs kvinnekommisjon. Samarbeid mellom Jaroslav Fragner Galleriet og Bergen Arkitektskole (BAS) mellom anna for å samle materiale til ei utstilling og film om norske turistvegar.

Kven kan søke?

Norske aktørar kan søke om støtte direkte frå fondet. Det avgjerande er å ha ein partner i Tsjekkia eller et ønske om å etablere samarbeid med ein identifisert partnar Tsjekkia.  

Kor mykje kan ein søke om?

Det er over 1,3 millionar kronar tilgjengelege. Maksbeløp for søknader er i overkant av 130 000 norske kroner. I sjølve utlysinga er det lista opp kva for utgifter som kan bli dekt (sjå lenke lengre ned på sida). Utlysinga held ope så lenge det er midlar igjen.

Ta kontakt med den norske ambassaden i Praha om du har ytterlegare spørsmål om det bilaterale fondet og handsaminga av søknader.

Les meir: