Utlysing: Bli med og gjer europeisk næringsliv grønare
EØS-midla
Nyheit | Dato: 10.11.2013 | Utanriksdepartementet
Driv du business innan grøn IKT? Innovasjon Noreg hjelper deg å finne partnar i Estland, og gir råd om korleis dere saman kan søke tilskudd gjennom EØS-midla.

Driv du business innan grøn IKT? Innovasjon Noreg hjelper deg å finne partnar i Estland, og gir råd om korleis dere saman kan søke tilskudd gjennom EØS-midla.
Estland er kjent som eit avansert e-samfunn, og prioriterer bruk av miljøvennlege IKT-løysingar.
Det EØS-middelfinansierte programmet Green Industry Innovation muliggjer samarbeid og partnarskap mellom estiske og norske bedrifter for å utvikle nye forretningsidear og løysingar innanfor:
- Energistyringssystem
- Transport og logistikk
- Handel og produksjon
- E-helse
Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 21 millionar kroner til grøn næringsutvikling i Estland. Prosjekt med norske partnarar vert prioriterte i utveljinga av prosjekt.
Potensielle norske partnarar kan vere private verksemder, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar eller norske offentlege verksemder/institusjonar.
Programmet er underlagd regelverket om statsstønad. Innovasjon Noreg deltek i gjennomføringa av programmet og kan hjelpe norske interessentar med å komme i kontakt med potensielle partnarar.
Dette er den andre og siste utlysinga knytt til dette programmet i Estland. Frist for å søke er 28. februar 2014.
Åtte av landa som mottek støtte frå Noreg gjennom EØS-midla, har grøn innovasjonsprogram.
Meir informasjon:
- Heile utlysingsteksten
- Programmets nettside
- Kontaktperson: Anne Lise Rognlidalen, Innovasjon Noreg, tel 976 85 755