Utlysing: Bli med og gjer europeisk næringsliv grønare

Vurderer verksemda di å investere i Europa? Gjennom EØS-midla er det no lyst ut over 285 millionar kroner til grøn næringsutvikling i Estland og Slovakia. Norske verksemder er ønska som samarbeidspartnarar.

Potensielle norske partnarar kan vere private verksemder, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar eller norske offentlege verksemder/institusjonar. EØS-midla skal bidra til å styrke kontakt og samarbeid mellom Noreg og mottakarlanda. Prosjekt med norsk deltaking kjem derfor til å bli prioritert.

Programma er underlagd regelverket om statsstønad. Innovasjon Noreg er partnar i programma og kan hjelpe norske interessentar med å komme i kontakt med potensielle partnarar.

I samband med utlysinga er det mogleg både å søke om prosjektstøtte, men òg reisestøtte og støtte til å utvikle prosjektsøknader. For full oversikt over utlysinga og fristar, sjå lenker lengre ned på sida.

Estland:

Slovakia

Sju av landa som mottek støtte frå Noreg gjennom EØS-midla, har grøn innovasjonsprogram. Det kjem fleire utlysingar seinare i år. Sjå også pågåande utlysing i Romania.