Utlysing: Bli partnar i skuleprosjekt med Estland

EØS-midla

Norske vidaregåande skular, universitet og høgskular samt forskingsinstitusjonar kan nå søke om støtte til å utvikle prosjekt i samarbeid med partnarar frå Estland.

Foto: UD/FMO

Norske vidaregåande skular, universitet og høgskular samt forskingsinstitusjonar kan nå søke om støtte til å utvikle prosjekt i samarbeid med partnarar frå Estland.

Dette er første utlysing under det estiske stipendprogrammet som er finansiert gjennom EØS-midla.

I første omgang er det mogleg å søke støtte for reiser/besøk for å etablere eller vidareutvikle kontakt og samarbeid for å utvikle prosjekt og prosjektsøknader. Støtte frå stipendprogrammet til prosjekt vert lyst ut seinare.

Norske utdanningsinstitusjonar kan søke om støtte direkte, men må identifisere ein partnar i Estland. Sjå lenke lengre ned på sida for korleis ein kan søke etter partnarar og registrere prosjekt.

Stipendprogrammet har som eit av føremåla å styrke utdanningssamarbeidet mellom Noreg og Estland.

Stipendprogrammet utgjer 1,6 millionar euro. Av dette er 80 000 euro sett av til å dekkje prosjektførebuande reiser i 2013 og 2014. Søknadene blir behandla fortløpande og må sendast inn minst fem veker før planleggingsmøta skal skje.

Les meir: