Utlysing: Bli partnar i Spania

EØS-midla

Det EØS-middelfinansierte fondet for frivillige organisasjonar i Spania tek no i mot søknader. Norske organisasjonar er ønska som partnarar i samarbeidsprosjekt.

Det EØS-middelfinansierte fondet for frivillige organisasjonar i Spania tek no i mot søknader. Norske organisasjonar er ønska som partnarar i samarbeidsprosjekt.

Gjennom EØS-midla har Noreg satt av 4,6 millionar kroner til å styrke det sivile samfunnet i Spania. No er støtta lyst ut med frist 6. november.

Det vert gitt støtte til prosjekt som bidreg til mellom anne å:

  • Auke det sivile samfunns innverknad på politiske avgjerdsprosessar både lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Bygge nettverk og partnarskap mellom frivillige organisasjonar

Eit av dei overordna måla for EØS-midla er å styrkje samarbeidet og kontakten mellom det sivile samfunn i Spania og Noreg. Norske partnarar er derfor ønska til prosjektsamarbeid innanfor alle dei prioriterte områda. Det er ikkje berre norske frivillige organisasjonar som kan vere partnar, men òg til dømes offentlige og private institusjonar og kommersielle aktørar.

Frist for innsending av søknader er 6. november.

For meir informasjon