Utlysing: Bli partnar i undervisningsprosjekt med Estland

EØS-midla

Gjennom EØS-midla er det no ei open utlysing der norske skular, universitet og høgskular, forskingsinstitusjonar, kommunar og bedrifter kan delta i undervisningsprosjekt i samarbeid med partnarar frå Estland.

(UD/FMO)

Gjennom EØS-midla er det no ei open utlysing der norske skular, universitet og høgskular, forskingsinstitusjonar, kommunar og bedrifter kan delta i undervisningsprosjekt i samarbeid med partnarar frå Estland.

Dette er andre utlysing under det estiske stipendprogrammet som er finansiert gjennom EØS-midla.

Programmet utgjer 1,6 millionar euro, eller om lag 12 millionar kroner. Det skal støtte prosjekt som bidreg til

  • Meir utveksling av studentar og undervisningspersonale mellom Noreg og Estland
  • Styrka institusjonelt utdanningssamarbeid mellom Noreg og Estland

Sjå lenke til sjølve utlysinga og liste over kva for prosjekt som kan få støtte lengst ned i artikkelen.

Potensielle norske partnarar inkluderer mellom anna:

  • Studentar og praktikantar frå høgskular og universitet
  • Undervisningspersonale og administrativt tilsette ved dei same institusjonane
  • Doktorgradsstudentar og forskingsassistentar
  • Tilsette i private og offentlige verksemder samt organisasjonar i arbeidslivet som driv med undervisning
  • Faginstitusjonar som styrer undervisningssektoren enten på nasjonalt eller lokalt nivå
  • mfl

Det er allereie lyst ut støtte til reiser/besøk for å etablere eller vidareutvikle kontakt og samarbeid for å utvikle prosjekt og prosjektsøknader.

Frist for å søke er 1. april for prosjekt for skuleåret 2013/14. Det blir også ei ny utlysing neste år.

Les meir: