Utlysing: Opplæring av bulgarsk forvaltning i ENØK

EØS-midlane

Bulgaria søker etter norsk hjelp for å auke kompetansen i offentleg forvaltning om energieffektivisering. Kurs og undervisning kan enten skje i Noreg eller i Bulgaria.

Foto: Christophe Vander Eecken

Bulgaria har eit stort potensial for å auke energieffektiviteten i offentlege bygningar og dermed redusere utslepp av klimagassar.

For å gjere offentlege styresmakter betre i stand til utnytte dette potensialet, er det behov for meir kunnskap om dette i forvaltninga.

Noreg og Bulgaria er derfor samde om å bruke EØS-midlar på å styrke kompetansen blant offentleg tilsette.

Om lag 5,5 millionar kroner er no utlyst til kurs- og erfaringsutvekslingsprosjekt i energieffektivisering og bruk av fornybar energi i offentlege bygg. Sjå utlysingsteksten for detaljar om aktuelle tema.

Partnarskap
Norsk ekspertise og kompetanse er etterspurt, og norske partnarar vil få dekka utgiftene sine. Prosjekt kan skje både i Noreg og Bulgaria. Det er òg mogleg å få reisestøtte til å førebu søknader med potensielle partnarar.

Noregs vassdrags- og energidirektorat deltek i gjennomføringa av energieffektiviseringsprogrammet i Bulgaria og kan svare på spørsmål og hjelpe til med å finne relevante prosjektpartnarar (sjå kontaktinfo lengre ned på sida).

Frist for å søke er 15. mai 2015.

Ytterlegare informasjon: