Utlysing: Delta i prosjekt for utsette grupper i Romania

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EØS-midla

Det EØS-middelfinansierte fondet for frivillige organisasjonar i Romania har begynt å ta i mot søknader. Norske organisasjonar kan delta i samarbeidsprosjekt mellom anna for å betre situasjonen for romfolk.

Det EØS-middelfinansierte fondet for frivillige organisasjonar i Romania har begynt å ta i mot søknader. Norske organisasjonar kan delta i samarbeidsprosjekt mellom anna for å betre situasjonen for romfolk.

Gjennom EØS-midla er Noreg no den viktigaste bidragsytaren til det sivile samfunnet i Romania. Fondet er på heile 30 millionar euro og har fem satsingsområder:

  • Demokratiske verdiar, godt styresett og involvering av innbyggjarar i det politiske liv
  • Sosial rettferd: redusere sosial ulikskap, fattigdom og utestenging av marginaliserte grupper
  • Velferdstenester for utsette grupper
  • Berekraftig utvikling og miljøvern
  • Utvikling og kompetanseheving i NGO-sektoren

Støtte til prosjekt som skal bidra til velferdstenester for utsette grupper er no lyst ut. Føremålet med dette satsingsområdet er å betre tilgangen til grunnleggjande velferdstilbod for sårbare grupper, inkludert romfolk. Totalt 4,8 millionar skal fordelast til prosjekt som fell inn under dette satsingsområdet.

Støtte til prosjekt innanfor dei andre områda vært publisert fortløpande fram mot sommaren.

Eit av dei overordna måla for EØS-midla er å styrkje samarbeidet og kontakten mellom rumenske og norske organisasjonar og andre aktørar. Såleis kan norske og rumenske partnarar søkje om støtte til prosjekt. Frist for innsending av søknader er 29. juli 2013.

For meir informasjon