Utlysing: Delta i samarbeid for å styrke det sivile samfunnet i Slovakia

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Norske offentlige, private eller frivillige organisasjonar er ønska til prosjekt for å styrke og bygge det sivile samfunn i Slovakia. NGO-fonda i Slovakia tek no i mot søknader om støtte.

(Foto: Norges ambassade, Polen)

Norske offentlige, private eller frivillige organisasjonar er ønska til prosjekt for å styrke og bygge det sivile samfunn i Slovakia. Dei EØS-middelfinansierte NGO-fonda i Slovakia tek no i mot søknader om støtte.

Gjennom EØS-midla har Noreg satt av 6,9 millionar euro til to fond for å styrke det sivile samfunnet i Slovakia. Fonda kjem til å ha fleire utlysingar framover. No har begge fonda utlysingar av:

  • Støtte til å opprette kontakt mellom norske og slovakiske partnarar for å utvikle samarbeidsprosjekt
  • Støtte til enkeltprosjekt

Sjå lenke til utlysingstekstane og fristar lengre ned. Fonda kjem til å støtte samarbeid og prosjekt som skal fremje mellom anna:

  • Demokratiske verdiar, godt styresett og openheit
  • Menneskerettar, inkludert minoritetar (mellom anna romfolk)
  • Likestilling og kamp mot vold mot kvinner
  • Anti-diskriminering, og kamp mot rasisme og framandfiendslegheit
  • Miljøvern og berekraftig utvikling
  • Velferdstenester for utsatte grupper

Det er et føremål at alle prosjekta skal bidra til å styrke slovakiske frivillige organisasjonar i deira arbeid for å påverke og ha innflytelse i politiske avgjerdsprosessar både nasjonalt, regionalt og lokalt.

Det er eit mål å engasjere det sivile samfunn i Noreg til prosjektsamarbeid. Norske partnarar kan få dekka utgiftene sine til dette.

Norske organisasjonar som ønskjer å delta i samarbeid med slovakiske partnarar, kan melde interesse via ein eigen database (sjå lenke nedanfor).

Les meir - fond 1:

Les meir - fond 2:

Felles: