Utlysing: Delta i samarbeid med litauiske organisasjonar

EØS-midla

Det EØS-middelfinansierte fondet for å styrke det sivile samfunnet i Litauen tek no i mot søknader om støtte. Norske organisasjonar kan delta i samarbeidsprosjekt.

Det EØS-middelfinansierte fondet for å styrke det sivile samfunnet i Litauen tek no i mot søknader om støtte. Norske organisasjonar kan delta i samarbeidsprosjekt.

Fondet er totalt på i overkant av 40 millionar kroner. Det kjem til å støtte prosjekt og tiltak innanfor følgjande område:

  • Demokrati og godt styresett
  • Menneskerettar
  • Sårbare grupper
  • Miljøvern og klimaendringar

Fondet kjem til å støtte både små og store prosjekt, og det er ulike fristar mellom 30. april og 28. juni.

Det er eit mål å engasjere det sivile samfunn i Noreg og andre organisasjonar til prosjektsamarbeid. Norske partnarar kan få dekka utgiftene sine til dette.

Norske organisasjonar som ønskjer å delta i samarbeid med litauiske partnarar, kan melde interesse via ein eigen database (sjå lenke under).

Les meir: