Utlysing: Delta i samarbeid med organisasjonar nord og sør på Kypros

EØS-midla

Det EØS-middelfinansierte fondet for frivillige organisasjonar på Kypros har begynt å ta i mot søknader. Norske organisasjonar er ønska som partnarar i samarbeidsprosjekt.

Det EØS-middelfinansierte fondet for frivillige organisasjonar på Kypros har begynt å ta i mot søknader. Norske organisasjonar er ønska som partnarar i samarbeidsprosjekt.

Gjennom EØS-midla er Noreg ein viktig bidragsytar til det sivile samfunnet på Kypros. Fondet er på 1,3 millionar euro og skal gi støtte til prosjekt som bidreg til å fremme mellom anna:

  • Demokratiske verdiar: godt styresett, rettsstat og aktiv involvering av innbyggjarar i politiske prosessar
  • Menneskerettar: særlig vekt på minoritetar og utsette grupper som romfolk, homofile, immigrantar, samt likestilling
  • Sosial likskap: sosial- og velferdstenester for mindre velståande grupper
  • Miljøvern: biologisk mangfald, klimaendringar, fornybar energi, lokal matproduksjon

Kypros har vore ei delt øy sidan 1974, og eit av dei overordna måla for EØS-midla på Kypros er å styrke kontakten og samarbeidet mellom den gresk-kypriotiske og tyrkisk-kypriotiske befolkninga.

Minimum 30 prosent av NGO-fondet skal derfor fordelast på prosjekt som kjem begge gruppene til gode. Norske organisasjonar og andre aktørar kan delta i desse og andre samarbeidsprosjekt.

Frist for innsending av søknader er 30. oktober 2013.

For meir informasjon