Utlysing: Delta i samarbeid med organisasjonar i Slovenia

EØS-midla

Det EØS-middelfinansierte fondet for frivillige organisasjonar i Slovenia har begynt å ta i mot søknader. Norske organisasjonar er ønska som partnarar i samarbeidsprosjekt.

Det EØS-middelfinansierte fondet for frivillige organisasjonar i Slovenia har begynt å ta i mot søknader. Norske organisasjonar er ønska som partnarar i samarbeidsprosjekt.

Gjennom EØS-midla er Noreg ein viktig bidragsytar til det sivile samfunnet i Slovenia. Fondet er på om lag 1,9 millionar euro og har seks satsingsområder:

  • Demokratiske verdiar: godt styresett, rettsstat og aktiv involvering av innbyggjarar i politikk
  • Menneskerettar: særlig vekt på minoritetar og utsette grupper som romfolk, homofile, immigrantar, samt likestilling
  • Redusere sosial ulikskap, fattigdom og utestenging av marginaliserte grupper
  • Barn og unge: ungdomsledighet, tiltak mot ungdomskriminalitet mm
  • Miljøvern: biologisk mangfold, klimaendringer, fornybar energi, lokal matproduksjon
  • Sosial- og velferdstenester

Eit av dei overordna måla for EØS-midla er å styrkje samarbeidet og kontakten mellom slovenske og norske organisasjonar og andre aktørar. Såleis kan norske og slovenske partnarar søkje om støtte til prosjekt. Frist for innsending av søknader er 6. september 2013.

For meir informasjon