Utlysing: Delta i samarbeid med polske organisasjonar

EØS-midla

Det EØS-middelfinansierte fondet for frivillige organisasjonar i Polen har begynt å ta i mot søknader. Norske organisasjonar er ønska som partnarar i samarbeidsprosjekt.

Det EØS-middelfinansierte fondet for frivillige organisasjonar i Polen har begynt å ta i mot søknader. Norske organisasjonar er ønska som partnarar i samarbeidsprosjekt.

Gjennom EØS-midla er Noreg ein viktig bidragsytar til det sivile samfunnet i Polen. Fondet er på 37 millionar euro, og er det desidert største NGO-fondet Noreg finansierer.

Utlysinga er delt i 3:

  • Tematiske prosjekt som mellom anna kan bidra til å auke det sivile samfunns innverknad på politiske avgjerdsprosessar, syte for openheit og godt styresett, kjempe mot diskriminering og utestenging frå samfunnet basert på etnisitet, religion, seksuell orientering mv.
  • Prosjekt for å bygge kapasitet og ruste det polske sivile samfunn mellom anna knytt til rammevilkår, organisasjonsutvikling, finansiering mv.
  • Tilskot til å utvikle prosjekt og knytte kontaktar med norske organisasjonar og aktørar

Eit av dei overordna måla for EØS-midla er å styrkje samarbeidet og kontakten mellom det sivile samfunn i Polen og Noreg. Norske partnarar er derfor ønska til prosjektsamarbeid innanfor alle dei prioriterte områda. Det er ikkje berre norske frivillige organisasjonar som kan vere partnar, men òg til dømes offentlige og private institusjonar og kommersielle aktørar.

Det er framleis mogleg å melde seg på partansøkkonferanse i Warszawa i midten av september. Klikk her for å få meir informasjon om dette.

Frist for innsending av søknader er 15. oktober 2013. Fondet kjem til å ha fleire utlysingar seinare.

For meir informasjon