Delta i samarbeid med portugisiske organisasjonar

EØS-midla

Det EØS-middelfinansierte fondet for å styrke det sivile samfunnet i Portugal tek no i mot søknader om støtte. Norske organisasjonar kan delta i samarbeidsprosjekt.

Det EØS-middelfinansierte fondet for å styrke det sivile samfunnet i Portugal tek no i mot søknader om støtte. Norske organisasjonar kan delta i samarbeidsprosjekt.

Fondet er totalt på i underkant av 30 millionar kroner, og utgjer eit av fleire program i Portugal som Noreg finansierer gjennom EØS-midla. Fondet kjem til å støtte prosjekt innanfor område som bidreg til:

  • Å auke deltakinga frå det sivile samfunn i politiske prosessar på lokalt, regionalt og nasjonal nivå i Portugal
  • Å promotere demokratiske verdiar og menneskerettar
  • Å styrke kompetansen og kapasiteten til portugisiske frivillige organisasjonar

Fondet er delt opp i ulike utlysingar og kjem til å støtte både små og store prosjekt. Frist for å søke er 1. juli.

Det er lagt vekt på å engasjere det sivile samfunn i Noreg og andre organisasjonar til prosjektsamarbeid med portugisiske partnarar. Norske partnarar kan få dekka utgiftene sine til dette.

Norske organisasjonar som ønskjer å delta i slik samarbeid, kan melde interesse via ein eigen database (sjå lenke under).

Les meir: