Utlysing: Delta i samarbeid med ungarske organisasjonar

EØS-midla

Det EØS-middelfinansierte fondet for å styrke det sivile samfunnet i Ungarn tek no i mot søknader om støtte. Norske organisasjonar kan delta i samarbeidsprosjekt.

Det EØS-middelfinansierte fondet for å styrke det sivile samfunnet i Ungarn tek no i mot søknader om støtte. Norske organisasjonar kan delta i samarbeidsprosjekt.

Fondet er totalt på i overkant av 90 millionar kroner. Det kjem til å støtte prosjekt og tiltak innanfor følgjande område:

  • Menneskerettar og demokrati
  • Likestilling og anti-diskriminering
  • Barn og unge
  • Miljøvern og berekraftig utvikling
  • Velferds- og sosiale tenester til sårbare grupper
  • Styrke og aktivere ressursar blant sårbare grupper til å løyse eigne utfordringar, inkludert romfolket
  • Styrke kapasiteten og kompetansen i frivillige organisasjonar

Fondet skal støtte både store nasjonale frivillige organisasjonar, men òg regionale og lokale. Fondet er derfor delt opp i fleire utlysingar (sjå lenke til heile utlysingsteksten lengre ned).

Det er eit mål å engasjere det sivile samfunn i Noreg til prosjektsamarbeid. Norske partnarar kan få dekka utgiftene sine til dette.

Norske organisasjonar som ønskjer å delta i samarbeid med ungarske partnarar, kan melde interesse via ein eigen database (sjå lenke lengre ned på sida).

Det er ulike søknadsfristar mellom 29. mars og 29. april.

Les meir: