Utlysing: Førebygging av kriminalitet blant unge

EØS-midla

Estland og Noreg ønskjer å styrke samarbeidet om førebygging av kriminalitet blant unge. Norske partnarar er ønska til prosjektsamarbeid.

Illustrasjonsfoto. Foto: Christophe Vander Eecken

Estland og Noreg ønskjer å styrke samarbeidet om førebygging av kriminalitet blant unge. Norske partnarar er ønska til prosjektsamarbeid.

Prosjektstøtte er tilgjengeleg gjennom eit program for barn og unge i Estland som Noreg finansierer gjennom EØS-midla.

Estland har utfordringar med å følgje opp familiar kor barn er i faresonen for å falle utanfor samfunnet. Dette gjelder ikkje minst lokalt i kommunane. Estland er interessert i å få ta del i norske erfaringar, og norske partnarar er derfor ønska til prosjektsamarbeid for å gje estiske ungdom ei betre framtid.

Det er lyst ut støtte til prosjekt innanfor to område:

  • Kriminalitetsførebyggjande tiltak i nærmiljø
  • Forbetring av rådgivartenester i skulen og tenester for barn med spesielle lærings/åtferdsproblem

Opne utlysingstekstane (lenker lengre ned på sida) for å få meir informasjon om døme på tiltak/prosjekt som kan få støtte.

Kommunesektorens organisasjon (KS) deltek i gjennomføringa av programmet. Dei kan hjelpe til med å finne partnar i Estland. Norske deltakarar kan få dekka utgiftene sine til prosjektsamarbeid.

Frist for å søke om støtte er 14. og 31. mars 2014.

Meir informasjon: