Utlysing: Grensesamarbeid med Slovakia og Ukraina

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EØS-midla

Norske erfaringar med samarbeid over grensa til naboland er etterspurt i Slovakia. Både norske kommunar, private selskap og frivillige organisasjonar inviterast no til samarbeid.

Barentssekretariatet er involvert i programmet for å leggje til rette for samarbeid og dele erfaringar frå mellom anna grensesamarbeidet mellom Noreg og Russland. (Foto: Barentsphoto.com)

Norske erfaringar med samarbeid over grensa til naboland er etterspurt i Slovakia. Både norske kommunar, private selskap og frivillige organisasjonar inviterast no til samarbeid.

Noreg har ei av dei lengre landegrensene i Europa. Over tid har det blitt etablert samarbeid over grensene til våre naboland for å styrke kontakt og handtere felles utfordringar.

Slovakia ønskjer å bruke EØS-middel frå Noreg på å få kunnskap om dei norske erfaringane frå grensesamarbeid. Slovakia har som mål å styrke samarbeidet øst i landet over grensa til Ukraina. Det er et mål å utvikle prosjekt i samarbeid med norske aktørar.

Noreg støttar programmet gjennom EØS-midla med 12,7 millionar euro. Det norske Barentssekretariatet deltek i gjennomføringa av programmet og kan formidle kontakt med potensielle samarbeidspartnarar i Slovakia. Sjå kontaktinformasjon nedanfor.

Det er mogleg å søke om støtte til prosjekt innanfor følgjande område:

  1. Etablering av nye nettverk eller utvikling av eksisterande samarbeid i grenseområdet mellom Slovakia og Ukraina
  2. Utveksling av erfaring og praktisk kunnskap om grensekryssande samarbeid med Noreg
  3. Forbetring av fasilitetar ved grenseovergangane mellom Slovakia og Ukraina
  4. Forbetring av kommunikasjon og informasjonsflyt over grensene

Søknadsfrist for støtte til prosjekt er 15. januar 2014.

For meir informasjon: