Utlysing: Kulturprosjekt med Polen
EØS-midla
Nyheit | Dato: 19.04.2013 | Utanriksdepartementet
Vil du samarbeide med polske partnarar om felles kulturprosjekt? Det er no klart for den andre utlysinga av støtte frå kulturutvekslingsprogrammet med Polen gjennom EØS-midla.

Vil du samarbeide med polske partnarar om felles kulturprosjekt? Det er no klart for den andre utlysinga av støtte frå kulturutvekslingsprogrammet med Polen gjennom EØS-midla.
I første runde var det rekordstor interesse for samarbeidsprosjekt. No er ytterlegare 30 millionar kroner tilgjengelege for nye søknader.
Det er polske aktørar som kan søkje om midlar, men dei må samarbeide med minst ein eller fleire partnarar frå Noreg, Island eller Liechtenstein. Og prosjekta kan gjerne initierast frå Noreg.
Han rådar interesserte norske institusjonar til å bruke dei nettverka dei har, presentere seg sjølve på facebooksida til kulturprogramme under EØS-midla og bruke aktivt databasen for partnarsøk som er laga.
Det blir informasjonsseminar i Oslo 3. mai og eit partnarskapsseminar i Warszawa 24. mai. Frist for å søke er 16. august.
Meir informasjon:
- Heile utlysingsteksten
- Database for partnarsøk
- Kontaktpersonar i Kulturrådet: Håkon Halgrimsen, tlf 21 04 59 64 og Haakon Vinje, tlf 21 04 59 61.